Voss herad

Vil du jobba som helsefagarbeidar ved Voss sjukeheim?

Helsefagarbeidar

Helsefagarbeidar 100 % fast stilling.

Om arbeidsstaden

Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand frå sentrum og togstasjonen.
Avdelinga med ledige stillinger er ei langtidseining med 35 bebuarar delt på 3. og 4. etasje. Fast stilling er i turnus med vakter på dag, kveld og 3. kvar helg, evt 4 kvar helg i langvakter. 

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • årstrunus som gjev deg ei føreseieleg arbeidstid

Me søkjer

  • Autorisert hjelpepleiar/omsorgsarbeidar/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon som er fagleg dyktig. Gjerne med vidareutdanning innan akutt, geriatri, palliasjon eller anna relevant utdanning
  • Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norsk kunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Som helsefagarbeidar på Voss Sjukeheim jobbar du tett ilag med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar trygge og kvalitetssikra tenestar i alle ledd
  • Du er fleksibel og ynskjer å ta ansvar, og må kunne delegere og administrere oppgåver og bidra til eit positivt, utviklande og spennande fagleg miljø i eininga
  • Me sett brukarane våre i sentrum, og ynskjer å styrke brukarmedverknaden og tilby individretta tenester utifrå kvar enkeltes behov
  • Me jobbar etter årsturnusprinsippet som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar

Arbeidsoppgåver

  • Heilheitleg pleie, omsorg og behandling av bebuarar i sjukeheim med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i det daglege
  • Utføre arbeidsoppgåver i tråd med rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
  • Medansvarleg for å laga, oppdatere og følge opp tiltaksplanar i Gerica
  • Ta ansvar som primærkontakt etter prosedyre
  • Medansvar for avgjersler som blir tatt når det gjelder korleis vi skal ha det i avdelingane, til dømes rutinar, internopplæring, bruk av hjelpemidlar og lignande
  • Ansvarleg for å holde seg fagleg oppdatert
  • Opplæringsansvar for lærlingar, elevar og andre som har praksis i avdelinga
  • Medansvar for et godt og inkluderande arbeidsmiljø i avdelinga.
  • Delta på dei kurs, møtar, undervisningsopplegg og lignende som har relevans for arbeidsområdet og ellers søka å utvida sine kunnskapar
  • Vere ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene

Det er krav om politiattest ved tilsetjing

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

20.10.24

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss Herad

Adresse:

Sjukehusvegen 15 5704 Voss

Kart: