Voss herad

Lyst til å arbeida som lege med fri kvar kveld og helg?

Institusjonslege

Me har ledig 100% fast stilling ved Voss sjukeheim. Det er mogleg å dela denne stillinga mellom 50 % institusjonslege og 50 % fastlege ved Voss legekontor. Det må i tilfelle påreknast legevaktsarbeid i fastlegedelen.

Sjukeheimsmedisin er både spanande og krevjande med eit stadig meir komplekst sjukdomsbilete hjå pasientane.

Me vil leggja til rette for at den som ynskjer det, kan verta spesialist i allmennmedisin. Institusjonsteneste kan gje teljande teneste i spesialiseringsløpet.

Om arbeidsplassen:

Voss sjukeheim er den største sjukeheimen i Voss herad, sjukeheimen ligg vegg i vegg med Voss sjukehus. Sjukeheimen har i dag ei stor kortidsavdeling, i denne avdelinga finn ein også dei tre kommunale ØH sengene. I tillegg er det ei avdeling for dei bebuarane som har langtidsplass.

Det er eit godt fag- og arbeidsmiljø ved sjukeheimen, med flinke medarbeidarar som ynskjer å utføre god fagleg behandling. Institusjonslegane vikarierer for kvarandre ved ferieavvikling, kursverksemd eller anna fråvær.

 Me tilbyr: 

  • løn etter lokal avtale og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • dagarbeidstid
  • deltaking i legevaktsarbeid og legevakt om du ynskjer, men ikkje pålagt vaktarbeid, unnatak frå dette er dersom deler av stillinga er som fastlege

Kvalifikasjonar:

  • norsk autorisasjon som lege
  • det er ein fordel om du er spesialist i allmennmedisin, er i spesialisering, eller har ein relevant sjukehusspesialitet (for eksempel indremedisin inkl. greinspesialiteter)
  • har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • førarkort klasse B 
  • dersom deler av stillinga som fastlege, må den som vert tilsett ha rett til å motta trygderefusjon

Me ynskjer deg som:

  • likar ein hektisk arbeidskvardag
  • er interessert i sjukeheimsmedisin og fagutvikling
  • både er sjølvstendig og arbeidar godt  i tverrfaglege team
  • har gode evner til samhandling og kommunikasjon
  • er ansvarleg og løysingsorientert
  • er fleksibel og utviklingsorientert

Arbeidsoppgåver:

  • overordna ansvar for å sikra legetenester av god kvalitet i sjukeheim
  • undersøking, diagnostikk, behandling og oppfølging av pasientar
  • samtalar med pasientar og pårørande
  • tverrfagleg samarbeid
  • legemiddelgjennomgang
  • fagutvikling og internundervisning inkludert rettleiing av LIS1 som har teneste ved sjukeheimen

 Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.10.2024

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Eystein Hauge

mob: +47 95261271

Ingunn-Olin Haugen

mob: 94136967

Adresse:

Hagahaugvegen 30 5700 Voss

Kart: