Me tilbyr gode vilkår og rekrutteringstillegg
Er du barne- og ungdomsarbeidar? Me har ledige stillingar som fagarbeidar
Om vossabarnehagane:
Det er 11 kommunale barnehagar i heradet. I vossabarnehagane er me opptekne av å skapa kvalitet og gode relasjonar i møte med barn, foreldre og tilsette. Du kan lesa meir om den enkelte barnehage på Voss herad si heimeside: Barnehagar - Voss herad
Vossabarnehagane arbeider kontinuerleg for å vidareutvikla den gode barnehage og me har mange engasjerte og dyktige tilsette.
Voss herad tilbyr:
- Rekrutteringstillegg kr 20 000 for søkjarar med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget som får 100 % stilling i Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad barnehage. Endrar du tenestestad til anna barnehage enn Hauge, Tueteigen, Evanger og Bolstad fylgjer ikkje rekrutteringstillegg med.
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Tilsetjingsprosess:
- Dette er ei felles lysing for alle kommunale barnehagar i Voss herad
- Me har ledige stillingar, både faste og mellombelse
- Tilsetjing skjer fortløpande i perioden
Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Kvalifikasjonskrav:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget.
- Andre søkjarar med relevant erfaring vil også bli vurdert.
Arbeidsoppgåver:
- Planlegga og gjennomføra leikar og aktivitetar
- Delta ved daglege gjeremål som måltid, påkleding og stell
- Vera ein god og varm vaksen og bidra til at barn får rike og varierte opplevingar, erfaringar og utfordringar i barnehagen
Me ynskjer at
- Du er ein tydleg vaksenperson med gode evner til å gje omsorg
- Du har fokus på det beste for barna, er samarbeidsvillig og kan jobba sjølvstendig
- Du skapar gode og nære relasjonar med barn, foreldre og tilsette
- Du er utviklingsorientert, engasjert, fleksibel, og løysingsorientert
- Du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
Menn blir oppmoda om å søkja
Godkjent politiattest må leggjast fram ved oppstart
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden
Del på:
Fylke:
- Vestfold
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.12.2024
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Frøydis Solbakk
tlf: 45292855
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Voss tinghus 5700 Voss