Voss herad Voss sjukeheim langtidsavdelinga

Nattevakt Helsefagarbeider 80%

Helsefagarbeider på natt 80%

Om arbeidsstaden

Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand frå sentrum og togstasjonen.

Avdelinga med ledige stillinger er ei langtidseining med 35 bebuarar delt på 2 etasjer. Fast stilling på natt er i heile langtidsavdelinga, i tilpassa stillingsstorleik, med vakter 3. kvar helg. Søknader behandlast fortløpande.

Me tilbyr 

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Arbeidsoppgåver

  • Pleiefaglege oppgåver, både omsorgsoppgåver og aktiv behandling. Varierte oppgåver som krev kunnskap og
  • fleksibilitet som helsefagarbeidar.
  • Natt-turnus, arbeid kvar 3.helg

 Me søkjer

  • Helsefagarbeidarar med norsk autorisasjon og gode norskkunnskapar.
  • Kunnskap og lyst til å arbeide med geriatri.
  • Gode samarbeidsevner, evne til å tenke nye tankar, høg grad av fleksibilitet og gode kommunikasjonsevner.
  • Omstillingsevne.                                        

I tillegg må du ha stå på vilje, arbeidslyst, energi og ynskje om å vidareutvikle våre tenester og bidra i arbeidsmiljøet vårt. 

Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga 

Søknad

Voss kommune ynskjer eit større aldersmangfald mellom dei tilsette, og oppmodar difor yngre arbeidstakarar om å søkje.
Kommunen har eit personalpolitisk mål om at arbeidsstaben skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt, både når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. 

Søk på stillinga ved å klikke på knappen til høgre. Hugs å gje opp referansar.

Søknaden vert å senda elektronisk. Attestar og vitnemål skal takast med viss søkjar vert innkalla til jobbintervju. Ifølgje Offentleglova § 25 skal det svært gode grunnar til for å skjerme søkjarar frå offentleg søkjarliste.

 

 

Søknadsfrist    20.10.2024                                 Utlyst dato                                                        Vårref                 

 

Kontaktperson

Ranveig Dugstad, Personalleiar Langtidsavdelingen, tlf: 41704924, ranveig.dugstad@voss.herad.no

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

20.10.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Adresse:

Sjukehusvegen 15 5704 Voss

Kart: