Voss herad Gullfjordungen skule

Assisterande rektor ved Gullfjordungen skule

100 % stilling som assisterande rektor ved Gullfjordungen skule

Stillinga er delt mellom 50 % leiing og 50 % undervisning

Gullfjordungen skule er ein barneskule for 1-7. klasse, med 153 born og 26 tilsette.  Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida. Du kan lesa meir om skulen her: Gullfjordungen skule - Voss herad

 Assisterande rektor er rektor sin næraste samarbeidspartnar og er vikar ved behov. Assisterande rektor har ansvar for ulike trinn, arbeider for eit godt skule- og klassemiljø, og er med å skapar retning i skulen sitt utviklingsarbeid. Me søkjer ein skuleleiar som kan medverka til å vidareutvikla skulen som ein lærande organisasjon. 

 

Me tilbyr

  • Ein spanande stilling med moglegheit for utvikling i ei kunnskapsbedrift med høg kompetanse
  • Ein skule som er oppteken av felles kollektiv kompetanseheving og kvalitetsutvikling
  • Gode støttefunksjonar innan fag, personale og økonomi
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 

 Kvalifikasjonar:

  • Relevant pedagogisk utdanning frå høgskule eller universitetsnivå
  • Relevant leiarerfaring er ein fordel, men ikkje eit krav

 

  Arbeidsoppgåver:

  • Vera vikar for rektor og avlasta rektor med administrative oppgåver, inkludert personaladministrasjon
  • I samarbeid med rektor:
    • leia og vidareutvikle skulen sitt profesjonsfellesskap
    • leia det pedagogiske utviklingsarbeidet
    • fylgja opp resultat frå kartleggingsprøvar
    • leia og motivera medarbeidarar til samarbeid og målretta innsats til det beste for elevane
    • sikra god elevmedverknad, samt eit godt samarbeid med føresette og eksterne samarbeidspartnarar
    • fylgja opp heradet sine satsingar og nasjonale føringar for grunnskuleopplæringa

 

 Personlege eigenskapar:

  • høg arbeidskapasitet, er fleksibel og engasjert
  • fagleg oppdatert og arbeider for å nå gode resultat 
  • inspirerer, involverer og er tydeleg på skulen sitt oppdrag
  • god på å byggja relasjonar 
  • god munnleg og skriftleg framstilling
  • god digital kompetanse

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

 Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

Del på:

Referansenummer:

Assisterande rektor

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.09.2024

Tiltreding:

01.11.2024

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Geili 8 5704 Voss

Kart: