Voss herad

Fast stilling

Spanande stilling ved Vossestrand Omsorgstun

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim ca 2 mil frå Voss Sentrum. 
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Dei tilsette vekslar på å arbeida i institusjon og i omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning.

Me har no ledig 70% fast stilling med 2-delt turnus, dagvakt, seinvakt og arbeid kvar 2. helg (langvakter kan vurderast med anna frekvens).  

 

Me tilbyr 

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 
  • årsturnus

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjent helsefagarbeidar/hjelpepleiar eller assistent med kompetanse og erfaring frå eldreomsorg. 
  • Førarkort klasse B 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Me ynskjer deg som

  • Er god på samarbeid
  • Er fleksibel og ynskjer å ta ansvar
  • Er ein positiv pådrivar i endringsarbeid for utvikling av tenestene
  • Likar å arbeida med eldre

Arbeidsoppgåver

  • Heilheitleg pleie og omsorg
  • Helsefaglege oppgåver 

  •  

    Oppgåver etter kompetanse og autorisasjon 
  • Primærkontaktoppgåve 
  • Arbeidsoppgåver i institusjonen som rydding av lager, matlager, bestilling av mat m.m. 
  • Vikar ved fråvær på vaskeri, heimehjelpsoppdrag eller anna. 

 

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden

Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:

Del på:

Referansenummer:

Ass

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.09.2024

Tiltreding:

15.11.2024

Arbeidsstad:

Voss herad