Voss herad Vangen skule

Vikariat som SFO-leiar Vangen skule

SFO-leiar Vangen skule

Ved Vangen skule er det ledig 100% vikariat som SFO-leiar frå 1. januar 2025 til 1.september 2025. Stillinga fyljer ordinert arbeidsår med utvida SFO 

50% administrasjon og 50% saman med borna på  SFO. 
 
 Om arbeidsstaden 
 Vangen skule ligg i sentrum og har 100 born på SFO.  Vangen skule - Voss herad

 

 Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling 
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø 
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
  • gode pensjonsordningar 
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår  

Kvalifikasjonar:

  •  me søkjer ein person som har 3 årig pedagogisk høgskuleutdanning, primært innanfor grunnskule. 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Arbeidsoppgåver: 

  • Ansvar for drift og pedagogisk utvikling av SFO, og ta del i det pedagogiske arbeidet direkte med borna på SFO. 

 Administrative- og leiaroppgåver som er tilknytt SFO vil vera: 

  • fagleg utvikling og oppfylging av personalet 
  • budsjettansvar, vikarinnkalling, arbeidsplan/lister 
  • innkjøp og foreldresamarbeid. 
  • planarbeid 
  • leggja til rette for elevar med særskilte utfordringar. 
  • tett samarbeida med skulen og heim 
  • SFO-leiar er med i skulen si leiargruppe. 
  • organisera leksehjelp  

 Me ynskjer nokon som har: 

  • erfaring frå skule og SFO 
  • leiarerfaring 
  • god IKT-kompetanse 
  • erfaring med elevar som har utfordringar med det sosiale samspelet. 
  • kompetanse innan arbeid med born som har ulike utfordringar. 
  • sosial/spesialpedagogisk utdanning 

Me søkjer ein person med fylgjande personlege eigenskapar:  

  • tydeleg vaksen person som har evne til å skapa gode relasjonar. 
  • stor arbeidskapasitet, positiv, godt humør og fleksibel. 
  • vilje og evne til fornying og endring 
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • evne til å motivera og engasjera både elevar og vaksne 
  • fokus på å gje brukarane eit godt SFO-tilbod 
  • kulturbyggjar 
  • personlege eigenskapar, vert vektlagt
  • menn vert oppmoda om å søkja

Godkjend politiattest må leggjast fram  før du tek til i stillinga. Hugs å gje opp referansar i søknaden 

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.  

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. 
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.10.2024

Tiltreding:

01.01.2025

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Hallvard Stue

tlf: 95262095

mob: 95262095

Svenn Åge Sletner

tlf: 45471847

Adresse:

Hestavangen 24 5700 Voss

Kart: