Voss herad

Voss legekontor søkjer fastlege

Fastlege i 100% stilling

Voss legekontor har ledig 2 stillingar som fastlege

Om arbeidsstaden

Voss legekontor har nye og topp moderne lokale i Knutepunktet like ved togstasjonen på Vossevangen. Det er kort avstand til samarbeidsinnstanser som NAV, PPT og Helsestasjon då dei er lokalisert i same bygg. Det er også kort veg til legevakta.

Til saman jobbar det 9 fastlegar, 2 LIS1 legar, 6 sjukepleiarar, 1 helsesekretær og 1 sekretær ved legekontoret. Fastlegane deltek i rotasjon på daglegevakt, som for tida er stasjonert i akuttmottak ved Voss sjukehus.

Me er opptekne av fagleg høgt nivå, og har mellomanna kompetanseplanar for kvar einskild . I løpet av året gjennomfører me fleire tverrfaglege fagdagar.

Kontoret nyttar InfoDoc Plenario journalsystem.

Til saman har Voss herad per i dag 20 fastlegeheimlar og 2 LIS1-stillingar. Voss er vertskommune for eit interkommunalt samarbeid om legevakt i distriktet (Voss IKL). Legevakta er velfungerande og for tida lokalisert i same lokale som akuttmottaket på Voss Sjukehus. Dette gir eit godt fagmiljø med kompetente legar og sjukepleiarar. Vaktbelastning er per dags dato ca. 2-4 vakter i månaden

 

Arbeidsoppgåver

  • Kurativ legeteneste ved Voss legekontor
  • Ved gjenopning av utekontoret i Granvin kan deltaking i rotasjon hit verte aktuelt
  • Deltaking i opplysnings- og folkehelsearbeid
  • Løypande oppgåver knytt til kvalitetsforbetring og utviklingsarbeid
  • Inntil ein dag i veka med deltaking i daglegevaktordning lokalt for Voss herad i tillegg til ordinære vakter ved Voss interkommunale legevakt.

 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Er spesialist i allmennmedisin eller i spesialisering til dette
  • Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Innehar førarkort klasse B
  • Legen som tilsetjast må ha rett til å motta trygderefusjon

 

Personlege eigenskapar vil verta vektlagt

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i heimelen

 

Me tilbyr

Listetak på 1000 pasientar, med nedjustering av listelengde med 200 pasientar per arbeidsdag ved andre kommunale oppgåver

For ny eller uerfarne ALIS reknar me 160 pasientar per kurative dag

Om du allereie er spesialist eller er i spesialisering vil du oppleva eit godt kollegialt samhald, tverrfagleg samarbeid og trygge rammer

Voss er godkjent som utdanningsverksemd og kan tilby avtale for lege i spesialisering (ALIS-avtale), me tilbyr gode ALIS-forløp med rettleiing og har fokus på kvalitet i tenesta

Gode vilkår for fagleg utvikling og rettleiing

 

Søknad

 Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustadseller arbeidskommune for kvar søkjar.

I fylgje offentlegheitslova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.09.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Eystein Hauge

tlf: 95261271

Ingunn-Olin Haugen

tlf: 94136967

Adresse:

Gurid Almenningens Plass 1 5704 Vossevangen

Kart: