Voss herad

Ynskjer du å arbeida som lærarvikar i Voss herad? SJå her

100 % Lærarvikariat ved Gullfjordungen skule frå 01.08.24 til og med 31.07.25

 Det er ledig eit 100 % årsvikariat som pedagog ved Gullfjordungen skule   frå 01.08.2024-31.07.2025

Om arbeidsstaden

Gullfjordungen skule ligg ved ein solrik og historisk plass, med Finnesloftet som næraste nabo. Skulen er sentrumsnær og elevane går til og frå Vossabadet og biblioteket. Skulen ber preg av å vera ein grendaskule, og uteområdet blir bruka  mykje på kveldstid til aktivitetar.
Foreldre har eit eigarforhold til plassen, deltek avktivt for å ta vare på uteområdet og involverar seg positivt i skulen sitt satsingsområde.
Skulen sitt satsingsområdet er å abeide med tilpassa opplæring, nærversplan og lesing. Me arbeider for eit inkluderande læringsmiljø, der me møter elevane der dei er. Me nyttar Lotus-skjema for å skape ein felles plattform for personale. Skulen prioriterer begynnaropplæringa, og fylgjer leseplanen som er utarbeida av kommunen. Hausten 2024 blir me opp ca.160 elevar.  Det er 15 lærarar, 7 andre tilsette, kontortilsett, ass.rektor og rektor ved skulen.  

 Utdanning og kvalifikasjonar

  • GLU 1-7 
  • Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av digitale læringsverktøy
  • Erfaring med begynnaropplæringa er ein fordel
  • Anna relevant kompetanse og erfaring kan verta vurdert


Arbeidsoppgåver

  • Undervise 1-4 klasse 
  • Vera kontaktlærar
  • Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
  • Sørga for eit trygt og godt inkluderande læringsmiljlø
  • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt læringsfellesskap
  • Samarbeida godt med føresette og andre faginstansar

 Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Geili 8 5704 Voss

Kart: