Voss herad

Ledig vikariat som kontaktperson i Voss barnevernteneste

Vikariat som Kontaktperson i Voss barnevernsteneste

Det er eit ledig vikariat som kontaktperson ved Voss barnevernteneste i perioden 02.08.24 - 31.08.25

Om arbeidsstaden

Barneverntenesta er pr. i dag organisert i 3 team.

  • 1. undersøking/tiltak 
  • 2. omsorg
  • 3. Voss Familiesenter.

I tillegg ligg EM tiltaket under barneverntenesta.

Barneverntenesta med familiesenteret er samlokalisert med andre helse- og sosiale tenester i Knutepunktet. Barneverntenesta er organisert under barne- og familietenestene i etat for oppvekst. 

Vikariatet er aktuell på team for undersøking/hjelpetiltak eller omsorg.

 

Me som arbeider i barneverntenesta har sett som mål at me skal arbeide saman med barn og unge ved å visa:

  • openheit, ved å vera ærlege og gje informasjon.
  • kjærleik, ved å bry oss og vise menneskevarme.
  • me har også som mål å vere audmjuk; ved å tru på barn, vere lyttande og engasjerte.
  • me vil praktisere medbestemming, ved å ta barn og unge med på avgjersler og be dei om tilbakemelding.
  • me vil ivareta foreldre gjennom involvering, innverknad og samarbeid til det beste for familien.

Arbeidsoppgåver som kontaktperson:

  • Stillinga inneber sakshandsaming etter lov om Barneverntenester. Ansvarleg saksbehandlar må møte som heradet sin partsrepresentant i  barneverns- og helsenemnda og det øvrige rettsapparatet.
  • Tilsynsarbeid, nettverksarbeid inn mot familiar og ungdom, bidra i ulike nettverk og i tverretatlig samarbeid på tvers av andre etatar, skule- og barnehage. Ved tilsetjing i omsorgsteamet må ein pårekna ein del reising ut av heradet for oppfølging av barn utanfor heimen.
  • Sidan barnevernet er under stadig utvikling må ein og vera budd på endring av oppgåver.
  • Andre oppgåver må og påreknast

Kvalifikasjonar

  • minimum 3 årig sosial- eller barnevernfagleg høgskuleutdanning som barnevernpedagog, vernepleiar eller sosionom. Er du under utdanning er du kvalifisert til å søkje med føresetnad om fullført relevant 3-årig høgskuleutdanning innan oppstart.
  • gjerne relevant vidareutdanning.
  • dersom me ikkje får søkjerar med overnevnte utdanning kan det være aktuelt å tilsetje andre faggrupper med relevant høgskuleutdanning (samfunnsvitskap, pedagogikk, psykologi), spesielt om ein har erfaring frå barnevernfeltet frå tidlegare. 

Me ynskjer søkjarar med:

  • erfaring frå arbeid i kommunal barnevernteneste
  • kjennskap til fagprogrammet  "Familia"
  • god skriftleg framstillingsevne. Voss herad har nynorsk som offisielt styringsmål og alle tilsette i kommunale tenester pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
  • søkjar må snakke og skrive flytande norsk
  • god relasjonskompetanse- og erfaring
  • gode samarbeidsevner og evne til å vere sjølvstendig   
  • i tillegg vert personlege eigenskapar vektlagt.

Menn vert oppmoda til å søkja.

Me tilbyr

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • kjekke og kompetente kollegaer
  • rettleiing både intern, fagleg og ekstern
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Godkjend politiattest må framleggas før tiltreding i stillinga.
Hugs å gje opp referansar

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

02.08.2024

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Kitty Prestegard

mob: +47 48014559

Adresse:

Gurid Allmenningens plass 1 5704 Voss

Kart: