Voss herad

3 stillingar som fagarbeidar ved Gullfjordungen skule

3 stillingar som fagarbeidarar ved Gullfjordungen skule frå 29.07.24

Om avdelinga: 

Gullfjordungen skule er ein barnskule for 1-7. klasse, med 170 born og 26 tilsette.  Skulen ligg 2 km frå Vangen (sentrum), med flott utsikt over Vangsvatnet og Gråsida.  Skulebygningane består av to hus, hovudbygg frå 1977, og gamleskulen der SFO held til. Skulen har fokus på eit godt læringsmijlø,  tverrfagleg tema og felles forståing av leseundervisninga. 

Tidsrom: 

  • Oppstart 29.07.23 
  • Arbeide skuletida
  • Arbeide i utvida SFO

Stillingar:

  • 2 faste stillingar på 80-100 % som fagarbeidar, Barne-og ungdom/Helsefag.
  • 1 stk. årsvikariat på 80 % som fagarbeidar som som fagarbeidar, Barne-og ungdom/Helsefag. (29.07.24-31.07.25)

 

Kompetansekrav i forhold til lysing:

Stillinga er fordelt mellom skule og SFO der ein arbeider i heil klasse, samtidig som ein skal ivareta elevar som treng tett oppfylging.
Me lyser etter fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeid eller som helsefagarbeidar. Anna relevant utdanning/erfaring kan bli vurdert.
 

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer personar med god relasjonskompetanse og som er i stand til å vera ein trygg og god vaksen for borna.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilretteleggje for enkelt-elevar
  • Arbeide i klassar med behov for støtte
  • Kunne utføre arbeidsoppgåver som er planlagt av lærar
  • Arbeide i SFO-tida før og etter skuletid

Kvalifikasjonar:

  •  Fagbrev som fagarbeidar eller helsefagarbedar

Me ynskjer:

  • Me søkjer etter ein kreativ og dyktig førskulelærar/miljøterapeut med god relasjonskompetanse. Det er viktig med gode samarbeidsevner og god kompetanse for å tilretteleggje for elevar eller grupper med behov for ekstra støtte. 

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

10.05.2024

Tiltreding:

29.07.2024

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Geili 8 5704 Voss

Kart: