Voss herad Byggesak og næring

Ledig 100 % fast stilling som byggesakshandsamar

Byggesakshandsamar

Har du lyst til å vere ein del av eit aktivt team på 6 personar innan byggesak ?

Me søkjer etter byggesakshandsamar som vil ha fokus på god og effektiv sakshandsaming og god dialog med innbyggjarane.
Me har ledig 100 % fast stilling frå august 2024.

Om avdelinga

Byggesak er ein del av avdeling Byggesak og næring organisert under kommunalavdeling for tekniske tenester.
Kommunen har for tida stor aktivitet innanfor sentrumsutvikling, reiseliv, hyttebygging, fortetting, bustadbygging og næringsutvikling.

Me tilbyr

  • Spanande arbeid i ei bygd i utvikling
  • Varierte oppgåver i eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege, kommunale vilkår
  • Fleksitid

Arbeidsoppgåver ved avdelinga

  • Handsaming av byggje- og delesøknadar etter plan- og bygningslova
  • Informasjon og rettleiing av kundar
  • Matrikkelføring
  • Seksjonering
  • Handsaming av klagesaker
  • Tilsyn, oppfølging av ulovlege tiltak mm
  • Politisk sakshandsaming

Me ynskjer at du har

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan juss, eigedom, byggfag eller arkitektur
  • Erfaring innanfor plan- og bygningsrett og kjennskap til offentleg forvaltning er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Evna til å arbeide og trivast i ein hektisk kvardag
  • Gode samarbeidsevner
  • Relevant og lang arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Personlege eigensakpar vil bli vektlagt, og me ser etter ein medarbeidar som kan komplettera vårt eksisterande team.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

15.08.2024

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Leiar byggesak og næring Vidar Jørdre

mob: +47 91728064

Adresse:

Uttrågata 9 5700 VOSS

Kart: