Voss herad Byggesak og næring

Ledig 100% fast stilling som fagleiar byggesak

Fagleiar byggesak

Har du lyst å vera fagleiar for eit team på 5 personar og ein del av eit engasjert miljø med stor påverknad av utviklinga på Voss?

Me søkjer etter fagleiar for byggesak, som har fokus på god og effektiv sakshandsaming og god dialog med innbyggarane.
Me har ledig 100 % fast stilling frå august 2024.

Om avdelinga  

Byggesak er ein del av avdeling Byggesak og næring som er 1 av 6 avdelingar organisert under kommunalavdeling for tekniske tenester.
Kommunen har for tida stor aktivitet innanfor sentrumsutvikling, reiseliv, hyttebygging, fortetting, bustadbygging og næringsutvikling.

Me tilbyr

  • Spanande arbeid i ei bygd i utvikling
  • Varierte oppgåver i eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
  • Fleksitid

Arbeidsoppgåver

  • Fagleiar på byggesak
  • Handsaming av byggje- og delesøknadar etter plan og bygningslova
  • Informasjon og rettleiing av kundar
  • Matrikkelføring
  • Seksjonering
  • Handsaming av klagesaker
  • Tilsyn, oppfølging av ulovlege tiltak mm
  • Førebuing av saker til politisk handsaming

Me ynskjer at du har:

  • Relevant utdanning frå universitet eller høgskule, gjerne innan juss,eigedom, byggfag eller arkitektur
  • Erfaring innanfor leiing
  • Erfaring innanfor plan- og bygningsrett, kjennskap til offentleg forvaltning er ein fordel
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk som målform
  • Evna til å arbeide og trivast i ein hektisk kvardag
  • Gode samarbeidsevner
  • Relevant og lang arbeidserfaring kan kompensera for manglande formell utdanning

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Personlege eigensakpar vil bli vektlagt, og me ser etter ein medarbeidar som kan komplettera vårt eksisterande team.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.05.2024

Tiltreding:

15.08.2024

Arbeidsstad:

Voss herad

Adresse:

Uttrågata 9 5700 VOSS

Kart: