Voss herad

Sjukepleiar

2 x 100% ledig stilling som sjukepleiar i heimetenesta på område aust.

I heimetenesta på område aust treng me fleire dyktige kollegaer.  

Me er ei dynamisk kollegagruppe i alle aldre, som ynskjer mangfold i avdelinga vår. Er du godt voksen, veldig ung, eller midt imellom er du hjarteleg velkomen hjå oss. Me ynskjer gjerne fleire menn ilag med vår ellers kvinnedominerte avdeling, og lovar kjekke og spanande utfordringar. Me har ledige 2 faste stillingar i turnus i 100% stilling.

 

Sjukeheimane og heimesjukepleia i Voss herad ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid.

Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør.

Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid.

 

Om arbeidsstaden

Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.

 

 Me tilbyr

  • 100% stilling
  • Rekrutteringstillegg på kr 20-25.000 for 100% stilling som sjukepleiar
  • Eingongsutbetaling på kr 50.000 i 100% stilling for eksterne søkjarar, vilkår er at du står i stillinga i 2 år
  • Tilrettelagt turnus med blant anna moglegheit for langvakter på helg.

 

 Me søkjer deg som:

  • Har norsk autorisasjon som sjukepleiar. Studentar er også velkomen til å søkja
  • Meistrar skriftleg og munnleg norsk 
  • Har førarkort klasse B

 

 Arbeidsoppgåver

  • Utføra sjukepleiaroppgåver; kartleggingar, behandling, observasjon og pleie
  • Bidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstende
  • Legemiddelhandtering
  • Dokumentasjon, sakshandsaming, samt laga og evaluera tiltaksplanar 
  • Veiledning og opplæring av kollegaer. 
  • Bidra til fagleg utvikling mellom anna ved å arrangere internundervisning. Etter læra-for-å-læra-vidare prinsippet.
  • Samarbeid med pasient, pårørande, sjukeheimslækjar, og anna tverrfagleg personell
  • Nytta velferdsteknologi

Personleg eigenskapar som vil verta vektlagt:

  • Er fagleg trygg
  • Kan jobba strukturert
  • Ta ansvar for tildelte oppgåver og ha god gjennomføringsevne.
  • Er empatisk og opptatt av best mogleg helsehjelp og omsorg for brukarane
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i nært samarbeid med andre
  • Er forberedt på at ulike utfordringar kan oppstå, og bidra til å finne løysingar på eventuelle problemstillingar

 Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hardangervegen 49 5705 Voss

Kart: