Voss herad Heimeteneste sone vest

Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar område vest

Helsefagarbeidar/Hjelpepleiar

Heimetenesta vest

Område Vest, avdeling heimesjukepleia vest søkjer deg som er hjelpepleiar/helsefagerbeidar. Er du positiv, engasjert, sjølvstendig samtidig som du likar å arbeide i eit team, har me ledig opptil 100% fast stilling (dag/kveld) frå snarast. 

 

Om arbeidsstaden

Heimesjukepleien vest er ei avdeling som ligg under Område Vest, Voss sjukeheim. På dag/kveld/helg har me ansvar for heimebuande i vårt område. På natt server me heile kommunen med eige nattevaktsordning.

Ta gjerne kontakt for ein hyggjeleg prat!

 

Arbeidsoppgåver

- Hjelpe våre brukarar med stell og pleie i deira eigen heim til dømes
- Medisinhandtering
- Tverrfaglig samarbeid
- Rettleiing av studentar og lærlingar
- Utarbeide og oppdatere tiltaksplanar i aidn, samt dokumentering
- Pårørandesamarbeid 
- Endringsarbeid for å utvikle og forbetre tenesta våre. Herunder vedtakspraksis
- Arbeid med meistringsteknologi

 

Me tilbyr

- Spennande og utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
- Eit trivelig arbeidsmiljø, med trvielige og dyktige medarbeidarar!
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God oppfylging og rettleiing av fagpersonell
- Årsturnus
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Tilrettelegging for vidareutdanning og anna kompetanseheving
- Eingongsutbetaling på kr 25.000 i 100% stilling, med vilkår om at du står i stillinga i 1 år.  Gjeld nytilsetjingar i heradet. 

 

Me søkjer

- Me ynskjer oss deg som er engasjert og trivst med å arbeida både på eigehand og i team. Har du "stå på vilje", engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre, er dette rette plassen for deg!
- Du som har gyldig arbeids- og opphaldstillatelse
- Du som har autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar eller får det i nær framtid
- Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
- Du som har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

 

Intervju og tilsetjing vert gjort fortløpande. Personlege eigenskapar som til dømes engasjert, positivitet og sjølvstende vert vektlagt. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

18.06.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Område vest

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sjukehusvegen 15 5704 Voss

Kart: