Voss herad

Sommerjobb på Vetleflaten

Vetleflaten Omsorgssenter søkjer ferievikarar

Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga?  

Då har vi jobben for DEG! På Vetleflaten omsorgssenter, korttid- og langtidsavdelingane, er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med i sommar.

Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylging av flotte kollegaer på arbeidsplassen.   

 Me tilbyr     

  • ein spanande, meiningsfull og lærerik sommarjobb.  
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.  
  • varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. 
  • E-læringskurs og god opplæring i tildelt avdeling.

    Arbeidsoppgåver   

  • varierte oppgåver som; stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid. 
  • all samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk.

   Me søkjer   

  • sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.  
  • deg som kunne tenkja seg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid også. 
  • deg som er 18 år og eldre.

 

Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje, samarbeidsevner og gode norskkunnskapar. 

Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar.

Gyldig politiattest må føreligga ved oppstart. 

 

   Søknaden må innehalde opplysningar om

  • Tidsrommet du kan arbeide i perioden juni-august. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte. Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden.  

 

Me tek kontakt med søkjarar fortløpande.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

23.06.2024

Tiltreding:

Sommar 2024

Arbeidsstad:

Voss herad

Adresse:

Hardangervegen 49 5705 Voss

Kart: