Voss herad

Spennande styrarstilling

Styrar Klausabakken barnehage

Det er ledig 100 % fast stilling som styrar i Klausbakken barnehage frå 1.8.2024.
Styrar og assisterande styrar utgjer leiarteamet i barnehagen. Barnehagen har assisterande styrar i 100% stilling.
Me søkjer ein dyktig leiar som er motivert for stillinga og har visjonar om leiing av ein god barnehage. Du har evne til å inspirera, arbeida målretta og systematisk.
Du må stå fram som ein tydeleg leiar og vera god til å samarbeida mot felles mål. Du må vera fleksibel, ha godt humør og trivast i ein travel kvardag med varierte oppgåver. Det er ei føremon at du har erfaring med barnehage og leiing.

 

Voss herad tilbyr

  • Gratis årskort på ski ved Voss resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter, eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrste gongs tilsetjing i Voss herad
  • Løn etter avtale
  • God ordning for etter- og vidareutdanning
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaringar med kvarandre
  • Gode kollega og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Eit godt tverrfagleg samarbeid, internt og mellom styrarane i kommunen
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • 10 leiardagar kvart år

 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 

Om arbeidsstaden

Klausabakken barnehage er ein kommunal barnehage som opna august 2017.
Barnehagen har plass til 128 born i alderen 1-5 år. Borna er inndelt i storgrupper, ei storgruppa består av 12-14 born 1-2 år og 18- 20 born 3-5 år. Det er om lag 45 tilsette. Barnehagen ligg sentrumsnært og har fine turområde i nærområdet. Barnehagen har om lag 50% barnehagehagelærardekning.
Styrar arbeider i leiarteam med assisterande styrar og 8 pedagogiske leiarar.
 Voss herad har gjennom heilskapleg utviklingsarbeid, og visjonen «Ein god start for alle» fokus på å vera ein lærande arena for sosial kompetanse, språk, leik, meistring og medverknad. Alle barnehagar i heradet arbeider med å skapa eit godt og trygt barnehagemiljø for alle born.

 

Arbeidsoppgåver

Styrar har ansvar for:

  • at barnehagen blir driven i samsvar med lov og regelverk
  • pedagogisk-, personal- og administrativ leiing av barnehagen
  • å aktivt bidra til eit godt utviklings-, lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • å sikra eit godt barnehage-heim samarbeid og møta føresette med høge forventningar til barnehagen på ein positiv og konstruktiv måte
  • Assisterande styrar fungerer som styrar i styrar sitt fråvær
  • Leiarteamet i barnehagen rapporterer til leiar for barnehagar

Me har nært samarbeid mellom leiarane innan kommunalavdelinga og administrasjonen, m.a. gjennom faste leiarmøte, og tverrfagleg mellom leiarane. Me kan lova ei spennande og utfordrande stilling som gjev rom for fagleg og personleg utvikling.

 

Kvalifikasjonar:

  • Kompetansekrav: Barnehagelærar eller anna relevant høgskuleutdanning. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  •  Du er ein tydeleg og synleg leiar som engasjerer, motiverer og inspirerer til felles innsats
  • Du er analytisk og jobbar kunnskapsbasert i utvikling av barnehagen
  • Du er modig og handlekraftig, målretta og systematisk
  • Kommunikasjonsevne, samarbeidsevne og evne til å byggja gode relasjonar til barn, foreldre og tilsette, blir vektlagt
  • Du er fleksibel, har godt humør og trivst i ein travel kvardag med varierte oppgåver
  • Menn vert oppmoda om å søkja.

Godkjend politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Hugs å gje opp referansar

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

01.08.2024

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Adresse:

Voss tinghus 5700 Voss

Kart: