Voss herad

Me tilbyr gode vilkår og gratis årskort på ski eller i Vossabadet

Er du Voss herad sin nye lærar?

- Bli ein del av laget i vossaskulen 

Tilsetjinga skjer snarast og fortløpande i perioden.

Voss herad tilbyr:

  • Rekrutteringstillegg kr 20 000 for dei som har grunnskulelærarutdanning (GLU) 1-7 og 5-10 ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad.
  • Fast stilling i Voss herad
  • Kontaktlærartillegg frå kr. 32 000 til kr. 38 000 per år
  • God ordning for etter- og vidareutdanning
  • Gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • Ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • Gode kollegaer og eit positivt miljø
  • Eit utviklingsorientert arbeidsmiljø, både personleg og fagleg
  • Rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

Tilsettingsprosess

  • Dette er ei felles lysing for alle skulane i heradet.
  • Tenestestad kan og vil variera, men du vert fast tilsett i Voss herad.
  • Dersom du søkjer på ein spesifikk skule ber me deg om å skrive dette i søknaden din.

 Arbeidsoppgåver:

  • Leia, analysera og fylgja opp elevane si læring
  • Vera med å skapa eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Vera ein aktiv deltakar og bidragsytar i skulane sitt profesjonelle læringsfellesskap
  • Samarbeida med føresette og andre faginstansar

 Utdanning og kvalifikasjonar

  • GLU 1-7 eller 5-10 og/eller kompetanse i basisfaga
  • Du som skal tilsetjast i undervisningsstilling må ha godkjent og relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
  • Det er ynskjeleg med kompetanse og erfaring med bruk av digitale læringsverktøy

 

Personlege eigenskapar

  • Du har eit stort engasjement for elevane si læring
  • Du er ein tydeleg klasseleiar og er i stand til skapa trivsel, motivasjon og vekst hjå den enkelte
  • Du kommuniserer godt og er i stand til å etablera gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
  • Du er nysgjerrig på å læra og likar å vere i utvikling
  • Du ser verdien av å arbeida saman som eitt lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring

 

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestfold

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.06.2024

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Else Berit Kyte

tlf: +47 99207109

Adresse:

Voss tinghus 5700 Voss

Kart: