Voss herad

Er du mellom 16-18 år og vil ha sommerjobb i Voss herad?

Sommarjobb

Prosjekt sommarjobb 2024

Voss herad vil i sommar gje tilbod om sommarjobb for ungdom mellom 16 og 18 år

Denne satsinga kjem som svar på innspel frå Ungdomsrådet. Ungdomsrådet såg det svært vanskeleg for ungdom under 18 år å få sommarjobb derfor vil no Voss herad gjennom eit samarbeid mellom fleire kommunalområder gje ungdom moglegheit for arbeid i sommar.

Me har planlagt fylgjande: Det vil bli lagt til rette for at me tilset ungdommar i fleire tenesteområde. I fyrste omgang vil det bli tilsetjingar i omsorgstenesta/sjukeheimane, oppvekst/barnehagane og kultur. Oppstart er rett etter skuleslutt og med varigheit på omlag 3 veker.

Ved søknad ynskjer me at de prioriterer kva avdeling de ynskjer arbeid på.

Sommarjobb i helse og omsorg

Helse og omsorg er ein spanande, trygg og allsidig arbeidsplass. I sommar ynskjer me å tilby arbeid for deg mellom 16-18.
Er du mellom 16-18 år kan me i sommar tilby deg jobb som servicevert i våre sjukeheimar og omsorgsbustader. Her bur det eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.
Me ynskjer deg som er pliktoppfyllande, blid og motivert og har lyst til å bidra til ein god dag for bebuarane i sjukeheim og omsorgsbustader.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

  • Skapa hygge og aktivitet, lesa avisa, gå tur, syngja og spela visst du kan, eller spela spel og finna på andre kjekke aktivitetar med bebuarane.
  • Hjelpa personar i måltid
  • Kjøkkenarbeid som å laga frukost og rydda , vaska opp
  • Fylla på varer frå lager
  • Aktuelle arbeidsplassar er: Voss sjukeheim, Vossestrand omsorgstun, Vetleflaten omsorgssenter, Udlabu omsorgsbustader, Granvin sjukeheim.
  • Sommarjobben varer i 3 veker mellom veke 26-33, arbeidstid er 5 timar på kvardagar.

Søknad

  • Skriv litt om deg sjølv
  • Kvifor ynskjer du sommarjobb?
  • Kva veker ynskjer du å arbeida? (gjerne to alternativ)
  • Kva arbeidsoppgåver kan du tenkja deg?
  • Kva arbeidsplass kan du tenkja deg? Prioriter frå 1,2 osv dersom du kan tenkja deg fleire plassar


Sommarjobb i barnehage

Det er 11 kommunale barnehagar i Voss herad. I Vossabarnehagen er ein opptatt av å skapa kvalitet og gode relasjonar i møte med barn, foreldre og tilsett.
Er du interessert i å  jobb som sommarvikar i barnehage i tida frå 24. juni til 12. juli.  (uke 26, 27 og 28)
Alle kommunale barnehagar har sommarstengt i veke 29 og 30.

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

  • Hjelpa til med daglegdagse gjeremål som måltid, påkleding og stell
  • Vera ein god leikekammerat og vera med i ulike aktivitetar.

 

Sommarjobb i skulefritidsordninga (SFO)

SFO er eit frivillig omsorgs- og aktivitetstilbod for elevar i 1.-4. trinn og for born med nedsett funksjonsevne frå 1.-7. trinn.
SFO skal gje omsorg og tilsyn, og leggja til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hjå barna. Denne sommaren er det tilbod om utvida SFO på Vangen skule og på Gjernes skule. Sommarjobben er i veke 26, 31 og 32, og arbeidstida er seks timar kvar dag, frå kl. 09.00 til kl. 15.00. Er du mellom 16-18 år, og interessert i å jobba som sommarvikar i utvida SFO, høyrer me gjerne frå deg.

 Arbeidsoppgåver vil blant anna vera:

  • Å vera ein god leikekamerat som finn på masse kjekke aktivitetar saman med borna og dei vaksne
  • Hjelpa til med daglegdagse arbeidsoppgåver

Søknad

  • Skriv litt om deg sjølv
  • Kvifor ynskjer du sommarjobb?
  • Kva veker ynskjer du å arbeida? (gjerne to alternativ)
  • Kva arbeidsoppgåver kan du tenkja deg?
  • Kva arbeidsplass kan du tenkja deg?

 

Sommarjobb i kultur og fritid

Arbeidsoppgåver vil blant anna vera

  • datahjelp for seniorar i biblioteket
  • hjelpa til med oppgåver i biblioteket, kinoen og kulturhuset

Sommarjobben varar i 3 veker, arbeidstid er 5 timar på kvardagar

 Søknad

  • skriv litt om deg sjølv
  • kvifor ynskjer du sommarjobb?
  • kva veker ynskjer du å arbeida? (gjerne to alternativ)

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Søk på sommarjobb ved å trykka på knappen oppe til høgre, der det står "søk her".

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

19.05.2024

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Adresse:

Voss Tinghus 0000 Voss

Kart: