Voss herad

Assistent i pleien

Assistent

Område vest søkjer assistentar i 0-20% stilling

 Om arbeidsstaden

Område vest er lokalisert ved Voss sjukeheim, vegg i vegg med Voss sjukehus. Voss sjukeheim ligg sentrumsnært med gangavstand til Voss sentrum og tog-/busstasjon. Område vest består av ei langtidsavdeling og ein kombinerande avdeling med heimeteneste og korttidsavdeling. Utlysinga gjeld for heimetenesta. Stillinga er to-delt, då me har eige nattevaktsordning. Heimetenesta område vest krinsar ca. ved Vosso og til Bolstadøyri.

Me jobbar etter årsturnus som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. 

Våre verdiar er: påliteleg, inkluderande, profesjonell og skapande

 Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorg til våre brukarar
  • Tverrfagleg samarbeid 
  • Medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
  • Dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar og rapportsystem
  • Utføre tenester etter etiske retningsliner, aktuelt lovverk og heradets regelverk
  • Arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen
  • Arbeid med velferdteknologi
  • Utdeling av ferdig tillaga medikament, medisinkurs får du hjå oss 

 Me søkjer

  • Deg som ynskjer å påvirke tenestene og utgjere ein forskjell for brukarane
  • Du må ha gyldig arbeids- og opphaldstillatelse og inneha gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
  • Du trivst med å arbeida både på eigehand og i team
  • Du har "stå på vilje", engasjement og eit ynskje om å hjelpe andre
  • Du må vera fleksibel
  • Passar fint for deg som er Helsefagelev, sjukepleiar-/vernepleiarstudent men og deg som likar å arbeida med mennesker

 Det er krav om politiattest ved tilsetjing. Personlege eigenskapar vert vektlagt.

 Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

30.04.2024

Tiltreding:

04.03.2024

Arbeidsstad:

Område vest

Kontaktpersonar:

Adresse:

Sjukehusvegen 15 5704 Voss

Kart: