Voss herad

100% fast stilling - Hagahaugen rehabilitering

Sjukepleiar med fagansvar i 100% fast stilling.

Hagahaugen rehabilitering er ei døgnbemanna avdeling, der ein jobbar tett i tverrfagleg team.

På Hagahaugen finn du fysio/ergo avdeling, dagavdeling, friskliv og meistring samt døgnbemanna rehabiliteringsavdeling.
Utlysinga gjeld for rehabiliteringsavdelinga.
Stillinga er to-delt turnusarbeid, dag og kveld.
Det tverrfaglege rehabiliteringsteamet fokuserer på : "Kva er viktig for deg?" Me vektlegg at pasient når måla sine.

Tillitsmodellen ligg til grunn for pasientarbeidet vårt.

Våre verdiar er: påliteleg, inkluderande, profesjonell og skapande 

Som sjukepleiar i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette.

Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din.

Me søkjer etter

Deg som likar og jobbe med fag og utviklinga av tenester og som har erfaring med å sjå nytte av arbeidet i tverrfagleg team

Personlege eigenskapar som

  • Gode samarbeidsevne, samtidig evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du er påliteleg, engasjert og ønsker å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
  • Du er positiv og kan takle høgt arbeidspress over tid, vera løysningsorientert og oppgåvefokusert
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er punktleg

Kvalifikasjoner

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Meistra skriftleg og munnleg norsk 
  • Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing, samt arbeids- og opphaldstillatelse.

Det vert lagt vekt på personlege eigenskaper:

  • God på samarbeid, men kan også arbeide sjølvstendig
  • Du er påliteleg, engasjert og ønsker å bidra til gode opplevingar for våre brukarar
  • Du er positiv og kan takle høgt arbeidspress, vera løysningsorientert og oppgåvefokusert
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er punktleg

Me ynskjer

  • Vidareutdanninga innan rehabilitering, omsorgsteknologi, forskingsbasert kunnskap eller anna relevant vidareutdanning

Arbeidsoppgåver 

  • Legemiddelhåndtering
  • Som sjukepleiar hjå oss har du ansvar på dag og kveld.  
  • Omsorg og rettleiing til brukarane
  • Dokumentasjon, journalføring, tiltaksplanar, rapportsystem og sakshandsaming
  • Du må vera strukturert og ha oversikt over ulike oppgåver samstundes
  • God dialog med dei andre institusjonane i heradet
  • Utføra teneste etter etiske retningslinjer, aktuelt lovverk og heradet sitt regleverk
  • Arbeid med fokus på brukarmedverknad og kva som er viktig for kvar enkelt i kvardagen 
  • Arbeid med velferdsteknologi 
  • Medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Fagansvar

  • Oppdatere og vedlikehalde gjeldande prosedyrar og rutinar
  • Internkontroll saman med leiar
  • Organisering av internundervisning/fagmøte i området med fokus på kvalitet
  • Forbetringsarbeid innan prosedyrar, rutinar og innovasjon
  • Bidra med innhald til fagdagar saman med leiar
  • Være stedfortredar ved leiars fråvær
  • Andre oppgåver kan også verte aktuelt. 

Me tilbyr

  • 20.000 kr i funksjonstilegg som fagansvarleg
  • 25.000 kr i rekrutterinstillegg for fast tilsetjing i turnus
  • 50.000 kr som ei eingongsutbetaling i 100% stilling for eksterne søkjarar, vilkår er at du står i stillinga i 2 år
  • God forsikrings- og pensjonsavtale 
  • Lønn og arbeidsvilkår etter tariff og lokal lønnspolitikk   
  • Gode faglege utviklingsmogelegheiter 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.05.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Voss Herad

Kontaktpersonar:

Joachim Hagen

tlf: +47 46698427

Adresse:

Hagahaugvegen 30 5705 Voss

Kart: