Voss herad

Ferievikar

Søkjer engasjerte ferievikarar i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.

Om avdelinga:
Tenestene for menneske med nedsett funksjonsevne har bemanning på dag/ettermiddag/kveld vekedagar og helg. Me har variert turnus tilpassa tenestemottakar og avdelingane med ordinære vakter og langvakter. Det er vaken eller kvilande nattevakt. I våre avdelingar legg me vekt på fysisk aktivitet, sansestimulering og brukardeltaking, for å gje bebuarane ein variert og god kvardag i eigen heim.
Avlastning er ein institusjon for barn og unge med nedsett funksjonsevne. Me har hovudfokus på aktivitetar, sjølvstende og deltaking i dagleglivet, og legg stor vekt på å skapa eit heimleg miljø med rom for individuelle behov.  Me treng ferievikarar i perioden 17. juni til 18. august. Me ynskjer at du arbeider lengst mogeleg av perioden og ber om at det vert oppgjeve kva for periode søknaden primært gjeld. Det er ynskjeleg med avtale på minimum 4 veker. 

Avdelingar:  (Dersom du ynskjer ein spesiell avdeling er det fint om du skriv det i søknaden)

  • Lundhaugen Omsorgsbustad
  • Udlabu Fellesbustad
  • Villa Gjerdebu
  • Nyhagen Aktivitetssenter
  • Skulestadtunet/Skulestadvegen bufellesskap
  • Bjørgabaret 

Arbeidsoppgåver:

Me ynskjer du skal vera ei støtte og ein rollemodell for brukarane, og me legg vekt på brukardeltaking. Me har fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp. Arbeidsoppgåvene er varierte frå huslege gjeremål, aktivitetar og trening, til helseoppfølging, stell og pleie. Me fremjar samarbeid med pårørande. Alle våre tenestmottakarar har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica. Du må kunne nytta dataverktøy, og du vil få opplæring i våre program.

Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Kvalifikasjonar:

  • vernepleiarar /sjukepleiar og andre med 3 årig helse og sosialfagleg utdanning
  • hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar / omsorgsarbeidarar / assistentar
  • studentar / elevar
  • du bør ha evne til å arbeida målretta, vera løysingsorientert og trygg
  • me ynskjer deg som er engasjert, ansvarsbevisst, god i kommunikasjon og er oppteken av gode løysingar saman med brukar og kollega
  • alle våre vikarar må ta nettbasert kurs i legemiddelhandtering og får tilbod om sommarvikarkurs
  • Me tilbyr:
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Dei som vert tilsett må leggja fram godkjend politiattest før dei tek til i stillinga

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
 
Ver venleg og legg ved vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift / turnus / arbeidstidsordning

Søknadsfrist:

31.05.2024

Tiltredelse:

Etter avtale

Arbeidssted:

Voss Herad

Kontaktpersoner:

Arild Sjøtun

tlf: 97050356

Hanne Tombre

tlf: 97997165

Marianne Melve

tlf: 97050359

May Elisabeth Bolstad

tlf: 97050363

Ragnfrid Fykse

tlf: 41863069

Ragnhild Dyvik

tlf: 95262071

Adresse:

Voss Tinghus 0000 Voss

Kart: