Voss herad

Sommarjobb og ringevikar på Vossestrand

Sommarjobb og ringevikar på Vossestrand Omsorgstun

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis morgondagens tenester skal  vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

 

  • Sommarjobb på Vossestrand Omsorsgtun sommaren 2024 frå omlag 20.juni-18.august.
  • Sommajobb i instusjon 
  • Sommarjobb som heimehjelp til heimebuande
  • Sommarjobb på vaskeri

 

Vossestrand omsorgstun har behov for vikarar som kan hjelpe med helg og kveldsarbeid. Tilsetjing fortløpande. 
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, elevar, studentar, assistentar er oppmoda om å søkje. 
Du må vere 18 år, 16-18 år kan vurderast etter samtale. 
Du bør køyre bil eller moped då bussforbindelser kan verta vanskelig. 
 

Om avdelinga:

Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum. 
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Det er vekslande mellom langtid, korttid, vekselpleie, avslastning og omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning. 
 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilheitleg pleie og omsorg av våre bebuarar 
  • Mat, aktivisering, rydding i avdeling, påfylling av utstyr 
  • Turnusarbeid med kveld og helgearbeid 

 

Me ynskjer:

  • deg som er interessert i eldreomsorg
  • deg som ynskjer å utdanne deg i faget - me hjelper på vegen! 

 

  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • godt arbeidsmiljø 
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

20.06.2024

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Iren Stalheim

tlf: 91809566

Adresse:

Oppheimsvegen 35 5713 Vossestrand

Kart: