
NAV Voss. Jobbspesialist - IPS
100% fast stilling som Jobbspesialist - IPS
Er du motivert til å jobba med menneske og har tru på at alle, trass psykiske og/eller rusutfordringar, kan få og behalde ein vanleg jobb eller ta utdanning? Er du den som kan oppsøkje arbeidsgjevarar og utdanningsaktørar for å kartleggje og skape moglegheitar for dei du jobbar for?
NAV Voss er ein del av Region Voss og Hardanger. Stillinga vil vere ein av fire IPS jobbspesialistar i regionen, og er knytt til et behandlingsteam ved Bjørkeli DPS, psykisk helse og rusarbeid i Voss herad og marknadsteamet ved NAV Voss. DPS Bjørkeli har pasientar frå kommunane Ulvik, Eidfjord, Voss, Vaksdal og Kvam. Reisetid må påreknas for å møte kandidatane hjå arbeidsgjevarar i regionen.
Individuell jobbstøtte (IPS) er ein modell for arbeidsretta oppfylging av personar med psykiske lidingar og/eller rusproblematikk som ynskjer arbeid, og som har behov for behandling samstundes med arbeidsretta bistand. Målet med IPS er å leggje til rette for at dei skal få, og også behalda lønna arbeid. Brei internasjonal forsking viser at IPS, har gitt gode resultat når det gjeld sysselsetting for målgruppa.
Arbeidsoppgåver
- arbeids-/karriereretta oppfylging av ca 20 jobbsøkjarar med kartlegging, jobbutvikling og jobbstøtte
- oppsøkje arbeidsgivarar og utdanningsaktørar, der du skape en relasjon og skaffe kunnskap om moglegheiter for lønna arbeid.
- vere ute i lokalmiljø og ha møte med deltakarar og arbeidsgjevarar (65% av arbeidstida)
- dokumentera i ulike fagsystem
- vere ein ressurs for deltakarar, arbeidsgivarar og evt. utdanningsaktørar etter oppstart, og legge til rette for at kandidatane beheld arbeid/skuleplassSamarbeide med behandlarar, andre rettleiarar på NAV, arbeidsgivarar og andre aktørar
- bidra med din kompetanse og entusiasme inn i jobbspesialistteamet og hos samarbeidspartnere
- formidle trua på at alle menneske kan få og behandle ein vanleg jobb til tross for alvorleg og samansett helseproblematikk, kulturell bakgrunn eller andre utfordringar.
Kvalifikasjonar
- utdanning på minimum bachelornivå frå høgskule eller universitet. Aktuelle utdanningar kan til dømes vere helse – og sosialfagleg, samfunnsfagleg eller pedagogisk utdanning. Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskrav
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- god digital kompetanse
- førarkort klasse B
Det er ynskeleg at du har
- erfaring som jobbspesialist og/eller med rettleiing
- har kjennskap til IPS – metodikken (opplæring vil bli gitt)
- har kunnskap om regionens arbeidsmarknad og utdanningsmoglegheiter
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner
- er ein relasjonsbyggjar
- er sjølvstendig og ynskjer å bidra til at teamet i fellesskap oppnår resultat
- er løysningsorientert
- er god til å motivere og engasjera
Me tilbyr
- meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver der du bidreg til at fleire kjem i ordinært arbeid og/eller utdanning
- moglegheit for å forme eigen arbeidskvardag
- støtte frå teamet og metoderettleiar
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- godt arbeidsmiljø med aktive og engasjerte kollegaer
- gode forsikrings og pensjonsordningar
- fleksitid
- løn etter kommunalt avtaleverk
Søknad
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.10.2023
Tiltreding:
01.12.2023
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Uttrågata 9 0000 Voss