Voss herad

Sjå her! Eit spennande vikariat på Villa Gjerdebu.

Vikariat 100% vernepleiar/fagarbeidar

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum  når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.

 

Om avdelinga:

  • Stillinga er i avdeling for menneske med nedsett funksjonsevne: 
  • Villa Gjerdebu avlastning er ein avlastningsheim for born og unge med nedsett funksjonsevne.
  • På Villa Gjerdebu er det 21 brukarar, derav 2 fastbuande. 

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsett skal vera ein støtte og rollemodell for brukar på alle områder. Me legg vekt på brukardeltaking.
  • Tilsette skal ha fokus på aktivitet og hjelp til sjølvhjelp.
  • I helgar er det godt fokus på aktivitet og individuelle ynskjer.
  • Arbeidsoppgåvene varierer frå stell og pleie, huslege gjeremål til trening, oppfylging av helse, samarbeid med andre etatar og pårørande.
  • Alle barn og unge har tiltaksplanar og dokumentasjon skal gjerast i fagprogrammet Gerica.
  • Du må kunna nytta dataverktøy
  • Verdiane våre er: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande 

Tidsrom: 

  • 01.12.23- 01.12.24  med mogleg forlenging

Kvalifikasjonar:

  • Vernepleiar blir føretrekt men andre med relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert.
  • Fagarbeidar med relevant utdanning. 

 

Personlege eigenskapar som vil verta vektlagt: 

  • Kunne prata og skriva godt norsk.
  • Du må kunne byggja og vedlikehalda gode relasjoner.
  • Vera ein trygg vaksen både for brukar og pårørande.
  • Pliktoppfyllande og ansvarsfull.
  • Kunne arbeida sjølvstendig og i team.
  • Ha interesse for å jobba med mennesker med ulike utfordringar.
  • Setja brukar sitt behov i fokus.
  • Er kreativ og løysningsorientert.
  • Er glad i å vera aktiv.
  • Har evne til å skapa åpenheit, tillit og tryggheit.

 

Det er ein fordel med erfaring og kjennskap til omsorgsarbeid og brukargruppa.

Du må ha bilsertifikat

 Godkjend politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

 

Me tilbyr:

  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • gode pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.


Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

15.10.2023

Tiltreding:

01.12.23

Arbeidsstad:

Voss herad

Kontaktpersonar:

Marianne Melve

tlf: 97050359

May Elisabeth Bolstad

mob: 97050363

Adresse:

Ringheimsvegen 212 5710 Skulestadmo

Kart: