
Lærar 100% Granvin barne- og ungdomsskule
Lærar 100% fast stilling
Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, Integrering og vaksenopplæring, Barnevern, Helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.
Om avdelinga: Granvin barne- og ungdomsskule ligg i hjartet av bygda Granvin med kort veg til fjord, skog og fjell og med eit flott og variert uteområde på skulen. Skulen har litt over hundre elevar fordelt på 1.-10. trinn. Satsingsområdet vårt er tilpassa opplæring med vekt på meir praktisk undervisning på alle steg og uteskule for dei minste der leik og læring skal gå hand i hand. Skulemiljøet er svært godt, arbeidsmiljøet likeså. Du vil jobba i lag med dyktige kollegaer med høg integritet som er opptekne av skuleutvikling basert på ny skuleforsking og erfaringsdeling. Alle klasserom har interaktive tavlar og elevane har læringsbrett/PC 1:1. Me legg særleg vekt på skulemiljøet og held klasseleiing høgt, i tilegg til at me er ein TL-skule (trivselsleiar) der elevane er aktive bidragsytarar til skulemiljøet. Skulebygget er velhalde med gode speisalrom, symjebasseng og godt og variert utstyr til undevisning og leik.
Tidsrom:
- Me søkjer ein dyktig kollega frå 1.1.2024
Arbeidsoppgåver:
- Kontaktlærar, for tida på mellomsteget, og timelærar i faga der, i tillegg er det svært kjekt dersom du kan undervisa i tysk i ungdomsskulen.
Kvalifikasjonar:
- Lærar med godkjend pedagogisk utdanning.
Me ynskjer:
- ein kollega som ser verdien av godt samarbeid med heimane og kollegaene
- gjerne lærar som kan undervisa i tysk på ungdomsskulen
- gjerne spesialpedagogikk i fagkretsen og LOGOS-sertifisering
- me har fleire mannlege tilsette og tek gjerne i mot ein til
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.10.2023
Tiltreding:
01.01.2024
Arbeidsstad:
Voss herad
Heimeside:
https://voss.herad.no/Adresse:
Hardangervegen 2543 5736 Granvin