
Har du høg digital kompetanse og lyst til å bidra til at me vert betre på å utnytte våre digitale ressursar?
100% fast stilling som rådgjevar/sakshandsamar i fagstab oppvekst
Tiltreding frå 01.11.23 eller snarast.
Om arbeidsstaden
Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering, vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.
I oppvekst sin fagstab er me i dag 9 tilsette samt kommunalsjef. Me har kontorplassar i ope landskap i Tinghuset.
Arbeidsoppgåver
- bidra aktivt til at å utvikla betre tenester
- vere støtte og bistand til kommunalsjef, leiarar for tenesteområda og leiarane av einingane i oppvekst
- bidra som bindeledd mellom fagstab, IT-avdeling og brukarane i oppveksteiningane på digitalisering og riktig bruk av eksisterande digitale verktøy
- bidra med anskaffing og forvaltning av digitale tenester
- aktiv oppfylging av dei leverandører oppveksteiningane nyttar for å utvikle og forbetre tenester
- vere med å byggje opp eit nettverk av superbrukarar i oppveksteiningane på digitale verktøy
Kvalifikasjonar
- formell IT kompetanse på bachelor-nivå
- realkompetanse innan IT og digitalisering kan også vurderast
- bakgrunn frå oppvekstsektoren er ein fordel
- kjennskap til Visma flyt timeplan eller tilsvarande er ein fordel
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Me ynskjer at
- du er opptatt av kvalitet i arbeidet
- du evner til å jobba sjølvstendig og samstundes vera ein god lagspelar
- du er løysings- og relasjonsorientert
- du er engasjert, initiativrik og kan ta ansvar
- du har kjennskap til digitalisering i barnehage og skule
- du har høg etisk standard
Me tilbyr
- interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
- gode utviklingsmoglegheiter, både fagleg og personleg
- høve til å påverka eigen arbeidskvardag
- fleksibel arbeidstid
- eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk
Søknad
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden.
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga.
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.09.2023
Tiltreding:
01.11.2023
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
tlf: +47 41122432
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Voss tinghus 5700 Voss