Utekontakt, 50 % stilling og ekstrahjelp/vikar
Utekontakt
Om arbeidsstaden
Stillinga er knytt til dei tre ungdomsklubbane i Voss herad: Ungdomsklubben Vangsgryto, Ungdomshuset Voss og Ungdomsklubben UFU i Granvin. Utekontakten arbeider hovudsakleg fredag- og laurdags-kveld/natt.
Tidsrom:
Frå 01.08.2023 er det ledig 50% stilling som utekontakt og ekstrahjelp/vikar ved behov som ungdomsarbeidar i ungdomsklubbane og som utekontakt. Stillingane ligg under avdelinga Kultur og fritid.
Arbeidsoppgåver:
Som utekontakt driv ein oppsøkjande arbeid der ungdom møtast. Utekotakten har kontor ved Ungdomshuset Voss. Det er hovedsakleg arbeid på kveldstid og helg. Som ungdomsarbeidar i klubbane vil du vera med på den daglege drifta og ha direkte kontakt med ungdommen. I tillegg kan det vera aktuelt med ulike temakveldar utanom klubbkveldane. Som ein del av avdelinga Kultur og fritid kan det vera aktuelt å jobba på andre arrangement utanfor klubben.
Me ynskjer:
Me ynskjer søkjarar med:
- 3-årig Helse- og sosialfagleg utdanning (barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar). Andre med relevant utdanning kan også søkja.
- gode samarbeidsevner
- erfaring frå arbeid med ungdom
- kunnskap om ungdom og relasjonsbygging
- evne til å arbeida sjølvstendig
Personlege eigenskapar:
- trygg, fagleg sterk og engasjert vaksen som har brei erfaring
- du er blid, omgjengeleg og ein god lagspelar
- du er strukturert og fleksibel
- du er meistrings- og utviklingsorientert og har høge ambisjonar
- du stiller krav, kommuniserer godt og held det du lover
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me tilbyr:
- ein innhaldsrik og utfordrande arbeidskvardag saman med flotte ungdommar og dyktige arbeidskollegaer.
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- gode pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Kveld
Søknadsfrist:
11.04.2023
Tiltreding:
01.08.2023
Arbeidsstad:
Voss herad
Heimeside:
http://https://voss.herad.no/Adresse:
Voss Tinghus 0000 Voss