Eitt års vikariat som sakshandsamar i kommunalavdeling oppvekst
Vikariat sakshandsamar
Me har ledig 1 års vikariat frå med moglegheit til forlenging i kommunalavdeling oppvekst i Voss herad
Om arbeidsstaden
Kommunalavdeling oppvekst har ansvar for grunnskular, barnehagar, Integrering og vaksenopplæring, Barnevern, Helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologitenesta og PPT i Voss herad.
I staben er det i dag 9 tilsette samt kommunalsjef. Me har kontorplassar i ope landskap i Tinghuset.
Tidsrom:
- 1 års vikariat frå snarast, med mogleg forlenging
Arbeidsoppgåver:
- bidra aktivt til at me får utvikla betre tenester
- utarbeiding og etablering av gode rutinar
- sakshandsaming knytt til barnehage, skule, barne- og familietenester
- involvering og utarbeiding av strategiske planar innan oppvekst
- støtte og bistand til kommunalsjef, leiarar for tenesteområda og leiarane av einingane i oppvekst
- internkontroll og risikoanalyse
Kvalifikasjonar:
- relevant høgare utdanning på bachelornivå, gjerne med fag som er relevante for oppvekst
- rett erfaring kan erstatta utdanningskrav
- juridisk kompetanse er ynskjeleg, men ikkje eit krav
- god digital kompetanse
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Me ynskjer at:
- du er opptatt av kvalitet i arbeidet
- du evner til å jobba sjølvstendig og samstundes vera ein god lagspelar
- du er løysings- og relasjonsorientert
- du er engasjert, initiativrik og kan ta ansvar
- du har erfaring frå sakshandsaming eller tverrfagleg samarbeid
- du har høg etisk standard
Me tilbyr:
- interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
- gode utviklingsmoglegheiter, både fagleg og personleg
- høve til å påverka eigen arbeidskvardag
- fleksibel arbeidstid
- eit spanande fagmiljø med dyktige kollegaer
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.03.2023
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Voss herad
Kontaktpersonar:
Frode Monsen
tlf: +47 41122432
Heimeside:
http://www.voss.herad.noAdresse:
Voss tinghus 5700 Voss